Svar på alt du lurer på om forsikringane dine

Vi har samla spørsmål og svar på det mange lurer på om forsikringane sine og kva som skjer vidare.

Dronefoto - Stranda.jpg

Indre Sunnmøre Brannkasse har avslutta samarbeidet med Gjensidige, og held fram som lokalt forsikringsselskap i samarbeid med Frende. Du treng ikkje gjere noko!

Forsikring i samarbeid med Frende

For deg som kunde skjer det ingen endringar. Du kan når som helst velje om du vil vere forsikra hos oss lokalt.

Om du ønskjer å flytte forsikringane dine til oss allereie no, kan du fylle ut kontaktskjemaet, så kontaktar vi deg. Du kan òg ringe oss på 70 26 92 50, og du er som alltid velkomen innom kontoret.

Kjenner du ikkje Frende frå før?

Frende er kjend for å bry seg litt ekstra om deg, ditt og dine. Frende er eit solid, norsk forsikringsselskap eigd av sparebankar og brannkasser. Selskapet har trygg skadehandtering, Noregs beste kundeservice og blant landets mest fornøgde forsikringskundar. Dei heiar på lokal kunnskap og nærvær – akkurat som oss!

Les om det nye samarbeidet med Frende

Kvifor blei samarbeidet med Gjensidige avslutta?

Brannkassene har hatt ansvar for å følgje opp kundane lokalt. Då samarbeidsavtalane med Gjensidige skulle fornyast, blei vi ikkje einige om fleire sentrale forhold. Samla sett førte det til at vi valde å takke nei til ny avtale. Det viktigaste for oss er å kunne gi kundane våre trygg og lokal rådgiving også i framtida. Forslaget til ny avtale gav ikkje eit berekraftig grunnlag for dette, og ville gjort det vanskeleg å ta vare på både kundane og lokale arbeidsplassar. Gjennom samarbeidet med Frende får vi betre føresetnader for å halde fram lokalt og gi god rådgiving til kundane, samstundes som vi kan ta vare på arbeidsplassar og skape nye.

Får eg behalde rådgjevaren min?

Ja! Du får personleg oppfølging med fast rådgjevar om du ønskjer det. Du finn kontaktinformasjonen til medarbeidarane våre her.

Blir det vanskelegare å få kontakt med rådgjevaren min?

Nei, tvert imot. Vi fører vidare telefonnummeret du kjenner frå før og har open dør til kontora våre. I tillegg treff du oss sjølvsagt digitalt om du ønskjer det.

Får eg same pris og vilkår som før?

Ja. Produkta og forsikringsdekningane til Frende er blant dei beste i bransjen, og saman vil vi sørgje for at du er like godt forsikra som før. Vi strekkjer oss langt for at du skal bli fornøgd, også med prisen du betalar.

Må eg ha forsikringar i to ulike selskap om eg blir hos dykk?

Nei, det må du ikkje. Så snart vi har hatt ein gjennomgang med deg, samlar vi alle forsikringane dine hos oss. Akkurat slik du er vand med.

Tilbyr de berre brann- og naturskadedekning?

Nei, saman med Frende Forsikring tilbyr vi alle forsikringar for deg og dine, for bedrifter og til landbruket.

Kor finn eg informasjon om brann- og naturskadedekninga?

Du finn informasjon om brann- og naturskadeforsikringa di når du loggar inn. Kontakt oss her eller ring oss på 70 26 92 50 om du er usikker.

Må eg trykkje på akseptknappen for å vere sikker på å vere forsikra?

Nei, det må du ikkje. Du er like godt forsikra som før.

Gjensidige seier at det hastar veldig med å flytte brannforsikringa. Er det riktig?

Nei, det hastar ikkje. Vi prøver å nå deg før du har hovudforfall på forsikringa di. Om vi ikkje rekk det, får du eit forsikringsdokument på brann frå oss og eitt dokument frå Gjensidige på forsikringane du har der. Prisen på brannforsikringa hos oss er då trekt frå i prisen frå Gjensidige. Ring oss om du er usikker.

Eg misforstod meldinga frå Gjensidige og har sendt aksept. Kva gjer eg for å vidareføre kundeforholdet mitt hos dykk?

Vi jobbar med å kontakte alle kundane våre for å vidareføre kundeforholdet ditt hos oss. Du kan òg ta kontakt med oss direkte om du vil ordne det med ein gong. Du kan flytte forsikringane når som helst med ein månads varsel.

Eg vil ha dei same forsikringane som eg har i Gjensidige i dag. Kan de flytte forsikringane?

Vi kan ikkje berre kopiere forsikringane direkte, men du kan få akkurat dei same hos oss. Regelverket krev at vi gjer ei behovsvurdering. Det går raskt, vi tek det enkelt saman.

Har eg angrerett?

Du har 14 dagars angrerett. Tenker du på å trekkje tilbake aksepten eller lurer på noko, kan du ringe oss på 70 26 92 50.

Kor finn eg informasjon om Frende?

Du finn informasjon om Frende her.

Frende er eit solid, norsk forsikringsselskap eigd av sparebankar og brannkasser. Selskapet har trygg skadehandtering, Noregs beste kundeservice og blant landets mest fornøgde forsikringskundar. Dei heiar på lokal kunnskap og nærvær – akkurat som oss!

Kva skjer med kundeutbyte?

Vi har ikkje kundeutbyte i samarbeidet med Frende. Kundeutbytet speglar det du har betalt for forsikringa di i Gjensidige. Vi vil strekkje oss langt for at du samla sett kjem fordelaktig ut, både når det gjeld forsikringsdekning og pris.

Kva med alle sponsoravtalane lokalt?

Det er vi lokalt som har sponsa lag og foreiningar.

Har de innsyn i forsikringsdokumenta mine frå Gjensidige?

Nei, det har vi ikkje. Vi kan sjå på dokumenta du har saman, eller du kan finne dei på Gjensidige sine sider.

Blir forsikringane mine flytta til Frende?

Brannforsikringane dine held fram hos oss også i 2026. Sidan vi no har avslutta samarbeidet med Gjensidige og etablert samarbeid med Frende, vil vi gjerne ta ein prat med deg for å gi deg moglegheita til å samle alle forsikringane hos oss lokalt. Du får då inntil 17 prosent totalkunderabatt i Frende. Heile vegen blir rådgjevaren din hos oss den same som du kjenner frå før, og vi sørgjer for at du blir godt ivareteken.