Dyreforsikring

Kjæledyret ditt er ein del av familien – og fortener godt vern gjennom heile livet.

Dyr kan bli sjuke eller skada, akkurat som oss. Ein tur til veterinæren kan koste meir enn ein trur, og då er det godt å vite at du har ein forsikring i ryggen. Slik slepp du å tenkje på kostnadene når det som betyr mest, er at kjæledyret ditt får den hjelpa det treng.

Vi tilbyr forsikring for hund, katt og hest, slik at dei firbeinte vennene dine er godt dekte. 


Be om tilbod

Sjekk pris og kjøp forsikring >



barn-og-kjeledyr-hund-katt.jpg

Hundeforsikring

Operasjon eller behandling hos veterinær blir fort dyrt utan forsikring. Med rette dekningar får hunden din den beste behandlinga utan at det kostar skjorta.

Hundeforsikringa dekkjer veterinærutgifter, og kan utvides med dekkning for tannsykdommer og medisinutgifter. Du får rask utbetaling, personleg hjelp og tilgang til veterinærråd. Ein tryggleik som lèt deg fokusere på helsa og trivselen til hunden.

  • Veterinærdekning
  • Tannsykdommer
  • Medisindekning
  • Tapsdekning
  • Veterinærtime på mobilen

Vilkår for hundeforsikring >

Generelle vilkår >

Katteforsikring 

Det kan fort vere kostbart å gje katten din best mulig behandling utan forsikring. 

Du vel sjølv kor stor forsikringssum du ønskjer på veterinærdekninga for katten din med katteforsikringa vår, maksimal dekning er 50 000 kr.

Veterinærdekninga dekkjer medisinsk undersøking og behandling av katten din ved sjukdom eller skade, medisinar og materiell frå veterinæren, samt naudsynt opphald på dyrehospital eller -klinikk. Forsikringa kan utvidast med medisindekning, som inkluderer reseptbelagde medisinar katten din treng etter heimkomst frå veterinæren.

  • Vetrinærdekning
  • Medisindekning
  • Tapsdekning
  • Veterinærtime på mobilen

Vilkår for katteforsikring >

Generelle vilkår >

Hesteforsikring

Hesten din fortener godt vern, anten han er ridehest, avlshest eller travhest. Du vel sjølv om forsikringa skal dekkje utgifter ved ulykke, sjukdom, eller begge delar, og forsikringa er fleksibel nok til at du kan setje saman dei dekningane som passar best for deg og hesten din. 

Vil du kjøpe veterinær- og medisindekning, kan du velje mellom berre ulykke eller leggje til sjukdom. Du kan også velje dødsfallsdekning, som gjev deg erstatning om hesten døyr eller må avlivast – anten avgrensa til ulykke, eller utvida til å gjelde sjukdom òg.

Vi har en fleksibel forsikring der du kan sette sammen de dekningene du ønsker:

    • Veterinær- og medisindekning ved ulykke
    • Veterinær- og medisindekning ved ulykke og sjukdom
    • Dødsfallsdekning ved død eller avliving som følgje av ulykke
    • Dødsfallsdekning ved død eller avliving som følgje av ulykke og sjukdom

Vilkår for hesteforsikring >

Generelle vilkår >


Om kjæledyret ditt treng hjelp

Meld skade kjapt og enkelt på nett. Haster det? Ta kontakt på 55 15 36 00.

Meld skade

Har du spørsmål angående forsikring av kjæledyr?

Ta kontakt med våre rådgivere for å få veiledning i kva forsikring du bør vurdere for kjæledyret ditt.