– Alle du kjenner, og alt du likar, er nøyaktig som før
Det er den tydelege meldinga frå Terje Langlo, no som Indre Sunnmøre Brannkasse har nytt samarbeid med forsikringsselskapet Frende, som er kjent for å bry seg litt ekstra.
– Vi har bytt samarbeidspartnar for å sikre at vi kan halde fram som eit lokalt og kundeeigd selskap. Det er rådgivarane våre som kjenner kundane, og det er vi i brannkassa som har teke vare på kundane og forsikringane deira i generasjonar, seier Terje Langlo, som er dagleg leiar i Indre Sunnmøre Brannkasse.
– Vi veit kva som er viktig for kundane våre, og avgjerda er teken med utgangspunkt i det. Vi brukte tid på å velje riktig samarbeidspartnar. I Frende har vi påverknadskraft, og dei legg godt til rette for å styrkje dei gode relasjonane våre i nærmiljøet, samfunnsengasjementet vårt og den lokale sponsinga. Det er viktig for oss som lokalt forsikringsselskap, fortel han.
– Det nye samarbeidet er avgjerande for vidare vekst og utvikling, og det sikrar arbeidsplassane lokalt.
Historisk fakta
Folk på bygdene stod saman
Den første brannkassa blei etablert tidleg på 1800-talet, då folk på bygdene såg behovet for å stå saman når branntragedien råka. På det meste var det 260 gjensidige brannkasser i Noreg.
Indre Sunnmøre Brannkasse er i dag et lokalt skadeforsikringsselskap som er 100 prosent eigd av deg som kunde. Selskapa blei etablert år 1859 og har marknadsområde i Stranda kommune, Fjord kommune og det som før var Ørskog- og Hornindal kommune. Brannkassa er marknadsleiande innan landbruk, privat- og næringsforsikring lokalt. Ho har eiga konsesjon innan brann- og naturskadeforsikring, og formidlar alle andre typar forsikringar frå Frende. Brannkassa er ein viktig samfunnsaktør som støttar lokalt kultur-, idretts- og næringsliv.
Vi er dei same folka
– Med oss møter du dei same rådgivarane som du kjenner frå før. Folk som veit kvar skoen trykkjer, og som du kan møte ansikt til ansikt, på telefon eller digitalt. Ta derfor gjerne kontakt, så finn vi saman ei god løysing for deg, seier Dagfinn Ødegård på Stranda.
– Forsikring er ikkje eit tastetrykk, eller ein sms, vi ønskjer å gå gjennom forsikringane dine saman med deg – både for å sikre at du har det du treng og er riktig forsikra, og for å gi deg moglegheita til å samle alt hos oss. Det er jobben vår. Vi er her for deg. Du er vår kunde og eigar – som generasjonane før deg. Det håper vi du vil halde fram med å vere, seier han.
Noregs mest nøgde kundar
Det er fleire grunnar til at brannkassa valde Frende, men nokre skil seg spesielt ut. Frende blei kåra til Noregs beste og raskaste på kundeservice i 2025, og gir trygg og god skadehandsaming og er kjend for å bry seg litt ekstra om deg, dine og det du eig.
– Frende er kjende for rådgivarar som er genuint opptekne av kundane sine, seier Ødegård. Han og rådgivarkollega Märta Daggå er heilt sikre på at kundane kjem til å merke den positive effekten av det nye samarbeidet, og understrekar at menneska framleis er dei same.
Solid selskap som vil satse lokalt
Med Frende i ryggen blir kundeopplevinga endå betre, og brannkassene blir del av eit solid, større selskap som ønskjer å satse på oss og lokalmiljøet.
– Vi er stolte av å drive eit selskap som er så solid at Frende ønskjer å satse saman med oss, seier Märta Daggå, og fortel at dei har fått eit svært positivt inntrykk.
– Vi har heilt like verdiar, og det gjer at vi føler oss trygge på at dette blir ei god ordning både for oss og kundane våre, seier ho.
Brannkassa er ei av sju som har inngått samarbeid med Frende Forsikring frå årsskiftet, akkurat som tre andre brannkasser gjorde i 2021. Det er Hallingdal, Valdres, Sykkylven, Indre Sunnmøre, Stjørdal og Oppdal–Rennebu, Surnadal, Heim og Tingvoll Gjensidig Brannkasse som har avslutta samarbeidet med Gjensidige.
Eit forsikringsselskap som bryr seg om deg
Heilnorske Frende er i tillegg eigd av 18 solide sparebankar, og har hovudkontor på vestlandet og over 250 000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden. Konsernsjef Vegar Styve gler seg til å få brannkassene inn i Frende-familien.
– Vi er utruleg glade for at dei har valt Frende. Saman skal vi jobbe for deg som kunde kvar einaste dag. Vi skal vere der når du treng oss, og du kan vere trygg på at du blir godt ivareteken, seier Styve. Han legg til at han er imponert over arbeidet brannkassene gjer i lokalsamfunnet.
Frende skil seg ut
Og nettopp lokalsamfunnet og menneska er det viktigaste Frende ønskjer å ta vare på.
– Frende skil seg ut og er eit annleis forsikringsselskap. Når du ringer for å melde eit uhell, er rådgivaren først opptatt av korleis det går med deg – ikkje kva skaden kjem til å koste, seier konsernsjefen. Som kunde får du tryggleik, enkelheit og ryddige avtalar.
– Du er dekt for akkurat det du treng, du blir trudd og høyrd om noko skjer – og ikkje minst får du riktig oppgjer når uhellet er ute. Så enkelt skal det vere, seier Styve.
– Brannkassene har gjennom generasjonar vist at dei kan forsikring, og at dei bidreg sterkt i lokalsamfunna – heilt i tråd med frendemodellen. Med dagens eigarar blir vi no 30 distributørar og ein svært sterk konstellasjon i forsikrings-Noreg, med hovudkontor i Bergen. Saman skal vi skape ny forsikringshistorie, seier Styve.
– Vi gler oss til vegen vidare. Kundane vil merke at vi er lett tilgjengelege, at vi bryr oss om dei – og at dei alltid har lokale rådgivarar å snakke med når dei treng det, legg Märta Daggå til med eit smil.